fredag 14. april 2017

Prestavegen Moivika - Sirevåg 4 km(?)

Prestavegen kjem vi inn på når vi går gjennom Vatnamotgardane, ned og kryssar jernbanen og følgjer vegen vidare mot nordvest gjennom det typiske snaue steinfylte og myraktige landskapet.
Ein stad er det laga ein fin rasteplass som kan vere eit turmål. Vegen er dels traktorveg, dels sti før vi kjem ut på veg på slutten ved nokre hytter og gardar ved Skoga og deretter til Sirevåg. Derfrå er det mogleg å kome seg til Ogna for dei som treng ein lengre tur. Denne turen føreset godt fottøy, det kan vere vått.

Prestavegen var ridevegen frå Prestodden på Sannarnes til Ogna kyrkje. Vegen er gammal, presten kom sjøvegen frå Egersund, og reid frå Sannarnes til Ogna. Kjøreveg kom det over Hegrestad i 1830-åra. 

Skulevegen - kort 3 km rundtur

Frå Vatnamot til Holmane skule (nedlagd) er det ein fint opparbeida turveg, 1 - 2 km lang, skilta veg. Når vi går inn grinda til venstre ved Vatnamot-gardane, helser vi først på to sosiale ponniar, deretter går vi gjennom ein liten skog, passerer så eit vatn, ein gard og så går vegen ned til Rv 44. Skal vi til Holmane skule, kryssar vi vegen. Elles kan vi gå tilbake same veg eller langs riksvegen. Det blir nok 3 km, enten fram og tilbake, eller rundtur.