torsdag 27. juli 2017

Ogna camping til Moivika 10,8 km langs strand og mark

Ein fin dag i juli. Målet er å gå så mykje langs sjøen som mogleg, og å gå heile vegen til Moivika.
Interessant å passere campingen når han vaknar til liv. På mange språk. Det er lett å følgje stiar ned til stranden, og lett å finne alternativ til vegen sørover. Det er mange stiar å velje mellom. Og ein fantastisk natur med klipper og små bukter med sandstrender. Det går fint an å vasse ein liten bekk i fjellstøvlar for å kunne gå vidare langs havet og sleppe å gå opp til jernbanelinja forbi Ogna. 

Det er vegar ned til dei små strendene frå Ogna. Jæren friluftsråd er på føtene, det et telt og folk på eit par strender. Men mange er folketome. Etter passering på høgd med Ogna stasjon blir det meir myrlendt. Eg må over nokre gjerde, men det fins gjerdeklyvarar og ei ganske skrøpeleg bru. Eg kjem ut på vegen like nord for Svingen grill. Det må til for å koma over elva. Etter grillen ber det inn i skogen og deretter ut på stranden til hyttene på Sirevåg, gjennom Sirevåg, under Rv 44 og inn til Skoga og Prestavegen til Moivika. 



Ein fantastisk variert tur: Strand, klipper, myrområde, skog, hyttefelt, tettstad og lynghei. 

fredag 14. april 2017

Prestavegen Moivika - Sirevåg 4 km(?)

Prestavegen kjem vi inn på når vi går gjennom Vatnamotgardane, ned og kryssar jernbanen og følgjer vegen vidare mot nordvest gjennom det typiske snaue steinfylte og myraktige landskapet.
Ein stad er det laga ein fin rasteplass som kan vere eit turmål. Vegen er dels traktorveg, dels sti før vi kjem ut på veg på slutten ved nokre hytter og gardar ved Skoga og deretter til Sirevåg. Derfrå er det mogleg å kome seg til Ogna for dei som treng ein lengre tur. Denne turen føreset godt fottøy, det kan vere vått.

Prestavegen var ridevegen frå Prestodden på Sannarnes til Ogna kyrkje. Vegen er gammal, presten kom sjøvegen frå Egersund, og reid frå Sannarnes til Ogna. Kjøreveg kom det over Hegrestad i 1830-åra. 

Skulevegen - kort 3 km rundtur

Frå Vatnamot til Holmane skule (nedlagd) er det ein fint opparbeida turveg, 1 - 2 km lang, skilta veg. Når vi går inn grinda til venstre ved Vatnamot-gardane, helser vi først på to sosiale ponniar, deretter går vi gjennom ein liten skog, passerer så eit vatn, ein gard og så går vegen ned til Rv 44. Skal vi til Holmane skule, kryssar vi vegen. Elles kan vi gå tilbake same veg eller langs riksvegen. Det blir nok 3 km, enten fram og tilbake, eller rundtur. 

mandag 13. mars 2017

Turblogg

I grenselandet mellom Jæren og Dalane finst det mange kjekke turar det er fint å ta. Her vil eg etter kvart lage ei oversikt over turar en kan gå, sykle eller først kjøre litt, så gå eller sykle. Turane blir merka med gå, sykle, kjøre bli først, lengde: kort, middels, lang og type terreng: Strand, skog, hei, veg, samt kommune.

Her er utgangspunktet: Hytta i Moivika, i havgapet på grensa mellom Hå og Egersund. Vi ser ut frå andre etasje, mot vest.